Treng du eigentleg ein stillingsannonse? 

Det er eit spørsmål ein kan stille seg når ein står overfor ein rekrutteringsprosess. Det finst svært mange alternativ, og er stillingsannonse eigentleg naudsynt?   

Viss du nyttar eit rekrutteringsbyrå eller set deg godt inn i LinkedIn, har du tilgang på eit stort antal moglege kandidatar gjennom søk. Gjennom målretta annonseprodukt og tenester i LinkedIn kan du identifisere og kontakte moglege kandidatar direkte, med utgangspunkt i eksempelvis stillingstittel og geografisk nedslagsfelt. Det kan vere spennande å få ut ei liste på 140 namn med moglege kandidatar, i det rette nedslagsfeltet og med rett bakgrunn.  

Kvifor i alle dagar skal eg då gå breiare ut?  

Før du konkluderer, kan det vere lurt å tenke gjennom følgjande:  

  • Kvar ligg motivasjonen hos ein kandidat som blir kontakta direkte, kontra ein som søker sjølv?  
  • Korleis er maktbalansen når du sit med ein kandidat som ikkje har søkt på stillinga sjølv?  
  • Kan du gå glipp av høgt motiverte kandidatar, som aldri fekk moglegheita til å søke?  
  • Kan ein stillingsannonse gi meirverdi gjennom det å fortelle omverda at det skjer noko i bedrifta?  

Konklusjonen her er ikkje gitt, men opp igjennom åra har marknadsavdelinga gjort seg ein del erfaringar når det kjem til denne typen rekruttering:   

  • Det er ein risiko for at kandidatar som blir «headhunta» til stillinga manglar den ekte motivasjonen, som i alle tilfelle bør vere arbeidsoppgåvene. Headhunting kan definitivt vere rett, men ver merksam på at du ikkje blir blenda av å ha fått møte med drøymekandidaten. Pass på at kandidaten er motivert av arbeidsoppgåvene og ikkje smiger (for det kan definitivt vere smigrande å bli kontakta i samband med ein jobb).  
  • Rein headhunting er gjerne ein lønnsdrivar, sidan kandidaten sit med gode forhandlingskort. Set deg alltid eit absolutt tak for kor høgt du er villig til å gå.  
  • Ved å gå ut for smalt, kan du miste moglegheita til å kome i kontakt med toppmotiverte kandidatar, som aldri blei merksame på den ledige stillinga.  
  • Stillingsannonsen kan også gjere ein jobb i å fortelle kundar, konkurrentar, tilsette og offentlege myndigheiter at det skjer noko i bedrifta. Denne effekten er svært verdifull og bør ikkje bli undervurdert.  

Det finst mange dyktige digitale marknadsførarar som kan hjelpe deg. Pass på at du nyttar nokon med tilstrekkeleg bransjeinnsikt. Først då vil ein kunne utnytte moglegheitene og unngå fellene.  

Uansett konklusjon om graden av målretting, kan vi hjelpe deg med annonsering på tvers av digitale kanalar og nettverk som smp.no, finn.no, vg.no, andre lokale nettaviser, LinkedIn, Facebook og andre sosiale nettverk. Vi sørger for at annonsen din blir vist i trygge og relevante omgjevnader til rette målgrupper. Vi kan også hjelpe med kanalspesifikk kommunikasjon og utforming.  

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale om korleis vi kan hjelpe deg.  

Innhaldet er produsert av mediehuset si annonseavdeling. 
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje laga av redaksjonen, men av Brand Studio – ein del av avisas annonseavdeling. Vi er opptatt av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar er utydeleg merka, gi oss gjerne beskjed på e-post. Synest du denne type artiklar ser spennande ut for di bedrift, ta gjerne kontakt på same e-post.  


KATEGORIER OG MERKELAPPER: